Om Årdal Energi

Årdal Energi er ei energiverksemd som omset konsesjonskraft for Årdal kommune. Me leverer billig og rein kraft til innbyggarane i Årdal

Årdal Energi KF er eit innovativt energiselskap med 17 tilsette som ynskjer og etterleve målsetningar som kvalitet, effektivitet og å nytte moderne teknologi. Vidare ynskjer ÅE og gje våre straumkundar best mogleg service med rask kundebehanling og god service innstilling. ÅE har gjennom sine eigarar som målsetting å levera rimeleg kraft til alle våre straumkundar. Sal av straum begrensar seg likevel til vårt konsesjonsområde som er Årdal kommune. ÅE har difor ikkje anledning til å selje utanfor kommunegrensa.

ÅE har som hovudoppgåve og omsette ÅK si konsesjonskraft samt å forvalte vårt eige distribusjonsnett.

Vidare har ÅE ein entreprenørvirsomheit der ein leverer tenester innan høgspent og lågspent forsyningsanlegg opp til 22kV samt etablering av rørkjeder for breiband.

ÅE har og engasjert seg innafor:

  •  breibandselskapet Årdalsnett. ÅE ser på dette foretningsområde som framtidsretta med eit stort potensiale.
  •  kraftutbygging lokalt, ved eigarskap i Seimsdal Kraft AS og Offerdal Kraftverk AS

Årdal Energi har områdekonsesjon i Årdal Kommune.


Styret

Årdal Energi KF er 100% eigd av Årdal Kommune med ordføraren som generalforsamling. Verksemda er organsiert som eit kommunalt føretak etter kommunelova § 11 og har eit eige styre valt av kommunestyret i Årdal. Styret er valt for 2 år.Dagleg leiar møter i styret og er sekretær

Styresamansetjing

Leiar: Arild Ingar Lægreid
Nestleiar: Sandra Opheim
Styremedlem: Aleksander Øren Heen
Styremedlem: Trude Klingenberg
Styremedlem: Ivan Øy, valt av og blant dei tilsette

HMS

Arbeidet med helse,-miljø,- og sikkerheit har høg prioritet i Årdal Energi og sikkerheiten for personell har spesiell merksemd. I mange år har verksemda arbeida systematisk for å unngå skader og ulukker.

Heldigvis har verksemda ikkje vore råka av alvorlege ulukker og me har heller ikkje påført andre, hverken personar eller miljø skadar. Verksemda arbeidar målvete saman med dei tilsette for eit arbeidsmiljø som gir utvikling, ansvar, tillit, og trivsel.

Årdal Energi KF er medlem i Sogn Bedriftshelseteneste og dei tilsette er vidare underlagt det same reglement som andre tilsette i Årdal kommune.


Historie

Aardal Kommunale elektrisitetsforsyning fekk driftsløyve (mellombels) den 27. september 1933, og har sidan hatt kontinuerleg drift i fleire selskapsformer og namn.

Dette elektrisitetsverket vart teke opp i L/L Årdal Kraftlag, som vart stifta i 25.11.45.

L/L Årdal Kraftlag vart vidareført (ved oppkjøp) i Årdal Kommunale kraftforsyning som vart skipa den 22.07.1954.  Årdal Kommunale kraftforsyning skifta namn til Årdal Energiverk den 01.01.1989 og vart frå same dato organisert som kommunalbedrift.

Etter vedtak i kommunestyret den 24.03.94. vart namnet endra til Årdal kommunale energiverk og i same vedtak vart Årdal kommunale energiverk gjort til ei kommunal særverksemd under Årdal kommune med eige styre etter § 11 i kommunelova.  Årdal kommunestyre gjorde den 14.06.2001 vedtak om å gjera selskapet om til kommunalt føretak (KF), namnet vart då Årdal Energi KF frå og med 01.01.2002.