Kvifor skal du velje Årdal Energi som din straumleverandør?

Vi leverer ikkje berre straum, ved å bruke Årdal Energi som din straumleverandør er du også med på å støtte lokalsamfunnet. Vi gjer mykje tilbake til samfunnet - på ulike måtar. For eksempel sponsar vi lokale idrettslag, kulturlivet og organisasjonar.

Vår målsetting er å vere blant dei billegaste straumleverandørane i Årdal. Vi har ingen kampanjetilbod som forsvinn etter ei stund, så du veit heile tida kva du får med oss. Vi er stabile i forhold til konkurrentane, og du unngår prisoverraskelsar etter ein gitt periode. Det betyr også at vi kanskje er like billige som andre leverandørar over tid. Legg du dette saman med det faktum at du er med og støttar lokalmiljøet når du kjøper straumen din hos oss burde valet vere enkelt.