Bestill kraft


Standard variabel kraftpris

Prisen i denne avtalen vil til dels fylgja endringane i marknaden og vert justert av styret.

Vår kraftpris er no: 43,00 øre/kWh, inkl. el-sertifikat og mva.

 

 Innføring av Elhub

Elhub er kraftmarknaden sin nye løysing for utveksling av informasjon mellom marknadsaktørane. Denne løysinga skal innførast 18.02.2019, og i den samanheng vil det gå føre seg ei rekkje aktiviteter som kan påverka dykk som kundar av Årdal Energi. Ein må difor forventa lenger behandlingstid enn normalt hjå Årdal Energi sitt kundesenter i februar månad.

 I perioden frå 01.02.19 og fram til lansering av Elhub den 18.02.19 vil det vera nokre avgrensingar for deg som kunde:

·         Du kan ikkje foreta leverandørskifte i denne perioden. Du og din kraftleverandør kan framleis foreta eventuelle forberedande aktivitetar, som f.eks. å gjere ein målaravlesing, men sjølve leverandørskiftet vil fyst kunna skje etter 18.02.19.

·         Ved byte av straumabonnement i denne perioden vil du som kunde få levert straum og få registrert bytte av straumabonnement på rett dato, men du vil ikkje få endeleg bekrefta byte før etter 18.02.2019.

 Vi beklagar dei ulemper denne omlegginga kan medføre, og ber om forståing for eventuell tregheit i kundedialogen inntil Elhub er på plass.

 

Avtalegiro og eFaktura kan avtalast, med din bankforbindelse. Prisendringar vert varsla 14 dagar på førehand. Nettleige til ditt lokale nettselskap kjem i tillegg.

Ta kontakt med oss, tlf 57 64 86 00

Her kan du laste ned dokumentet Standardavtale for levering av elektrisk kraft.



Våre kraftprisar

Årdal Energi har sin marknad i Årdal kommune og leverar 100% fornybar og lokalprodusert vasskraft, til kundar busett i Årdal. Utan ekstra kostnad får alle våre kundar rein vasskraft. Kjøper du hjå andre leverandørar, har du ikkje same garantien.

Alle forbrukarar kan kjøpa krafta hjå den leverandøren ein ynskjer. Full oversikt over kven som er kraftleverandør i Årdal, finn du på Forbrukerrådet si side Strømpris.no