Innføring av Elhub

Elhub er kraftmarknaden sin nye løysing for utveksling av informasjon mellom marknadsaktørane. Denne løysinga skal innførast 18.02.2019, og i den samanheng vil det gå føre seg ei rekkje aktiviteter som kan påverka dykk som kundar av Årdal Energi. Ein må difor forventa lenger behandlingstid enn normalt hjå Årdal Energi sitt kundesenter i februar månad.

 I perioden frå 01.02.19 og fram til lansering av Elhub den 18.02.19 vil det vera nokre avgrensingar for deg som kunde:

·         Du kan ikkje foreta leverandørskifte i denne perioden. Du og din kraftleverandør kan framleis foreta eventuelle forberedande aktivitetar, som f.eks. å gjere ein målaravlesing, men sjølve leverandørskiftet vil fyst kunna skje etter 18.02.19.

·         Ved byte av straumabonnement i denne perioden vil du som kunde få levert straum og få registrert bytte av straumabonnement på rett dato, men du vil ikkje få endeleg bekrefta byte før etter 18.02.2019.

 Vi beklagar dei ulemper denne omlegginga kan medføre, og ber om forståing for eventuell tregheit i kundedialogen inntil Elhub er på plass.

Vil du ha informasjon om straumutkopling og prisendringar

Sjekk om vi har dei rette opplysingane om deg, telefonnummer for mobilen og e-postadressa . Gå inn på heimesida vår www.ardal-energinett.no - målaravlesing/mi side - Logg inn. På den siste fakturaen finn du kundenummer og pinkode, som blir brukt som brukarnamn og passord. På "Mi side" kan du også finna forbruks- og fakturahistorikk, og du kan levera inn målarstanden din.

Kontroll av elektriske anlegg i 2015

Vi har inngått avtale med Etrygg AS om kontroll av elektriske anlegg i hus og hytter.

Årdal Energi har inngått eit samarbeid med Etrygg AS, til å gjennomføra ein del kontrollar på elektriske anlegg i hus og hytter. Arbeidet vil pågå i perioden august - desember 2015. Det er Etrygg som tek direkte kontakt med kunden, for å avtala kontrolltidspunkt.

Har du spørsmål omkring dette, ta kontakt med DLE ansvarleg hjå Årdal EnergiBjørn Hunshammer på mobil 901 64 159.

Kontroll av elektriske anlegg

Vi har inngått samarbeid med Etrygg AS om kontroll av elektriske anlegg i hus og hytter

Årdal Energi har inngått eit samarbeid med Etrygg AS, til å gjennomføra ein del kontrollar på elektriske anlegg i hus og hytter. Arbeidet vil pågå i perioden oktober - desember 2014. Det er Etrygg som tek direkte kontakt med kunden, for å avtala kontrolltidspunkt.

Har du spørsmål omkring dette, ta kontakt med DLE ansvarleg hjå Årdal Energi Bjørn Hunshammer på mobil 901 64 159.

Vi tilbyr eFaktura

Årdal Energi tilbyr no sine kundar eFaktura. Du får då fakturaen direkte i din nettbank, ferdig utfylt. Det vert lettare å halda oversikt over betalte og ubetalte rekningar, samt at ein får betre kontroll.

eFaktura kan kombinerast med AvtaleGiro, du slepp då å hugsa på forfallsdato. På denne måten unngår du purringar og gebyr ved for sein betaling.

Ta kontakt med kundeservice dersom du har spørsmål.